Slik skulle eg likt å bli

Kva om eg var

Ein dråpe som hang

Som hang der på graset

I takt med tyngdekraftas gang

Så bekymringslaus og fri

Så frigjort frå tid

Så bekymringlaus og fri

Og kva om eg var

Ein eld som brann

Som brann over engene

Der kor dråpane hang

Som brann vekk alt liv

Slik at det kunne starte på ny

Så bekymringlaus og fri

Skulle eg likt å bli

Og kva om eg var

Ein ubestemmelig vind

Som leika i lufta

Så roleg og så sint

Som leda elementa

Sendte stormar utan tvil

Så bekymringlaus og fri

Skulle eg likt å bli

Men dagen eg døyr

Så blir eg til jord

Og av meg

Så skal det gro

Og der på eit gras

Er det ein dråpe som heng

Så bekymringlaus og fri

Skulle eg likt å bli