Klokkespel

Så du piska han hardt

Han gjorde alt du ville

Skreik høgt som faen

Om det var noko du ville ha

Og han sa ja

Ko enn du ba

Du var aldri svak

Tenk om nokon såg deg

Kom ikkje på tale

At du var dårlegare enn nokon andre

Kva sa dei då

Om dei fekk sjå

Som klokkespel som song for deg

I ein verden som du aldri skulle rive ned

Det var du og han

Du tvilte aldri

Det var han som skulle

Takle alt du med deg bar

Samma faen

Kor hardt var

Som klokkespel som song for deg

I ein verden som du aldri skulle rive ned

Men du såg vel aldri

Når han skifta ham

Blei til ein anna mann

Fant andre kvinnfolk

Gløymde alt om deg

Og det han lovde deg

Som klokkespel som song for deg

I ein verden som du aldri skulle rive ned