Gleden av å slite med meg

Det riv og det slit, og det bryt og det kryp, i mitt inste sinn
For eg er ein slik som kan bli heilt i tvil av dei minste ting
                                                            Om du ser meg inn augene hugsar du han som var stolt og trygg?                                                                                                                     Når alt som er att er flakkande, slumrande, tunge blikk

Det finns så mange ein kan væra med
Men kven vil ta meg for den eg er?

Det må jo finnas ein
Som vil ha meg
Med alle mine feil
Ein som gjør den halve himmelen heil 
Ein som tar meg
Til anna sted
Ein som gjør det trygt å væra til

Eg bygger ein mur slik at eg vinn kor krig som kan ramme meg 
Og brenn kor bru slik at dei ikkje skal ramle ned
Eg kan springe så fort, så fort at eg blir usynlig
Så ingen slepp inn, så ingen eg treff skal kjenne meg

Det finns så mange ein kan væra med
Men kven vil ta meg for den eg er?

Det må jo finnas ein
Som vil ha meg
Med alle mine feil
Ein som gjør den halve himmelen heil 
Ein som tar meg
Til anna sted
Ein som gjør det trygt å væra til