Ingen Vega Utanom - Klineversjon


Eg og du me har blitt vaksne ilag

Kava lenge på i ein gudsforlatt dal

Og eg var der då du sto på kanten i Vietnam

Og eg var der då du mista han far


For når det raknar for deg

Så let eg det rakne eg med


Hugsar du den gongen eg raserte stugu di?

Drita full og høg på sjalusi

Eg hugsar korleis du ikkje sa eit ord

Eg hugsar berre kor jævlig hardt du slo


Og om det raknar for meg

Så let du det rakne du med


Men her ein dagen såg eg at du hadde blitt ein mann

Ein som ikkje berre vil, men ein som også kan

Og då tenkte eg på meg og deg

Og alt me skulle brenne ned


For når det raknar for meg

Så let du det rakne du med