Ingen vega utanom

Eg og du me har blitt vaksne ilag

Kava lenge på i ein gudsforlatt dal

Og eg var der då du sto på kanten i Vietnam

Og eg var der då du mista han far

For når det raknar for deg

Så let eg det rakne eg med

Hugsar du den gongen eg raserte stugu di?

Drita full og høg på sjalusi

Eg hugsa korleis du ikkje sa eit ord

Eg hugsa berre kor jævlig hardt du slo

Og om det raknar for meg

Så let du det rakne du med

Og her ein dagen såg eg at du hadde blitt ein mann

Ein som ikkje berre vil, men ein som også kan

Og då tenkte eg på meg og deg

Og alt me skulle brenne ned

For når det raknar for meg

Så let du det rakne du med