falle frå jorda

Ja, eg har lurt på kva det er med deg

Eg trur jo kanskje at du elskar meg

Du smilar skeivt og så si du det

At eg er din, eg er den einaste

For om du visste eg var redd

Blei du då hos meg

Eg veit ikkje kva som skjedde

Men no stig eg opp med deg

For det er dine henda eg vil ramle i

For me to, flyg høgt over sola

Men så redd eg kan bli

Når eg er med deg

Kjennes meir som å falle frå jorda

For så redd eg kan bli

Når det er for langt ned

Ja, eg står stille, lar deg sleppe inn

Lokka augun, trur på store ting

Det er så mykje eg sku sagt til deg

Men eg får det liksom ikkje til

For det kjennes som om eg fell

Og at himmelen er eit høl

Eg håpar at du skjønnar

For eg skjønnar ikkje sjølv

At det er mine henda du vil falle i

For me to, flyg høgt over sola

Men så redd eg kan bli

Når eg er med deg

Kjennes meir som å falle frå jorda

For så redd eg kan bli

Når det er for langt ned

Og om du slepp tak no

så stig eg stille ut i det blå

For me to, flyg høgt over sola

Men så redd eg kan bli

Når eg er med deg

Kjennes meir som å falle frå jorda

For så redd eg kan bli

Når det er for langt ned