Du fortenar ein som meg - Klineversjon
Det bryr ikkje meg at du er ein slik sånn som smilar når du gret
Og at du alltid spør meg kvifor me to i heile tatt finns til
For du veit eg kavar med samma tankane som deg
Og meire til
For du fortenar ein som meg
Ein som er merkeligare enn du er
Og om du ikkje veit kvar du skal
Så er det vertfall oss to att i lag
Det bryr ikkje meg at du blir forbanna og galen når du er full
Og at du skrik at du vil døy for du bli gamal og rund
Så lenge me kan springe til føtene ikkje ber
Gjennom alt slags ræl
Du fortenar ein som meg
Ein som er merkeligare enn du er
Og om du ikkje veit kvar du skal
Så er det vertfall oss to att i lag
Og det bryr ikkje meg at me ikkje tenar mykje peng
Om me må bu på eit kott, i ei enkelt seng
Og om det heile skulle rase ned
Så skal eg vera med på den absurditet
Som utgjer det me er
For eg kan sjå korleis hovudet ditt brenn
Korleis hendene dine skjelv og korleis augo dine renn
Men eg veit det finns så mykje meir ved deg
For eg og du i lag me kunne lagt ein plan
Og kanskje me kunne fått det til
For du fortenar ein som meg
Ein som er merkeligare enn du er
Og om du ikkje veit kvar du skal
Så er det vertfall oss to att i lag