Daue fugla

Hei lille du, eg mista meg sjølv

Eg datt i lufta slik som daue fugla gjør

Eg tenkte berre på nokon annan

Men du insisterte på å aldri sleppe tak

At du er med meg

Det skjønar ikkje eg

Hadde overbevist meg sjølv om at eg var full av svik

At eg vart ein som kunne gå over lik

Men du sa at eg var den for deg

Som kunne gjere det godt å vere til

At du er med meg

Det skjønar ikkje eg

Og eg har blitt så redd for at det skal bli mørkt igjen

At du skal bli lei av alle om og men

Og eg veit ikkje korleis eg skulle fått dagane til å gå

Om du ikkje var her for å passe på

At du er med meg

Det skjønar ikkje eg